lørdag 21. august 2010

Handletur :)

I dag drog Øystein og eg til lagunen for ein handletur eg har lengta etter. Målet med handleturen var ting til hunden! Me drog til lagunen sidan dei har ein god butikk kalla "min bestevenn". På turen ut til lagunen tok eg for første gong bybanen, noko som var både ei positiv og negativ oppleving. å køyre bybanen går mykje "mjukare" og ikkje så mykje i rykk og napp bråstopp. det negative var lyden, eller rettare sagt støyen. Kan hende me var svært uheldige med vognene, men det hylte og kvein så voldsomt at det gjorde vondt. eg og ei framføre meg sat med hendene over øyrene inn til byen. såg nok teit ut, men det var nødvendig.

Framme i butikken "min bestevenn", fann me ein del som me treng til hunden. Dette kjøpte me:

Brunt halsband og kobbel (som er lett)


"Klikkar" (som i grunnen har litt for høg lyd)


                                                                   Tauknute

                                                                    Tyggeleike

                                                               Snop til trening

                                                   Gjerde til å sette framføre ting


Dette var det me handla på dyrebutikken i dag. Frå før har me desse tinga til hunden:

                                                  Klassisk tennisball kjøpt hos Kati ;)


                                              Tau med ball (kjøpt av pappa på Stord)

                                                               Kosedyr


                                                Matskåler (til eg finn nokre betre i keramikk.
                                            (Eventuelt lagar eit par på høgskulen om eg får lov.)

                                                     Kjekt å ha! Fått av Marianne :)

                                                     Blått kobbel. Takk Marianne! :D


Ja, no har me mykje gøy! Det me treng no er å vite kva slags mat me skal kjøpe til Amai, vaske eit fleecepledd og kanskje handle nokre ekstra pledd og eit teppe på ikea. Vil ikkje ha slike superstappa hundesenger fordi det ikkje ser bra ut for ein hunderygg. Kanskje eg kjøper ei tynn madrass og deler den i to (så kan eg ha den eine delen på Stord og den andre her.) etter å ha sett at hundane ukritisk sov kvar som helst hos oppdrettar, hastar eg ikkje med innkjøp av noko seng. Pledd og sofa skal ho få ;)

Denne helga er vår siste helg utan hund. Sprøtt! Me gler oss! :D :D


                                                                 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar