tirsdag 31. august 2010

Velkommen Amai :)

Lørdag 28.august 2010 var ein stor dag! Etter at eg hadde vore på skulen (undervisning i helgene på nytt studium), drog Øystein og eg til Sandviken for å hente Amai.
Då me kom til Kennel Enerhaugen, kom det ein liten gjeng ut. Det var nokon som hadde henta to av kvalpane og skulle reise med dei nordover. Inne fekk me kaffi og vafler og snakka om shiba. Me signerte kjøpeavtale, fekk informasjon om mat og målltid til hunden, samt helseattest.
Det var rart å plutseleg å dra frå enerhaugen med ein hund. Vår hund. Me har jo venta lenge på dette, og me har besøkt hundane der fleire gonger. No skulle me altså ta ho med oss heim. Det føltes så sprøtt og eg måtte klype meg sjølv i armen.
Med tok buss til sentrum og gjekk over torgallemenningen. Denne gongen var ho flink å gå, ikkje slik som  mandag 23.august då me var på bytrening. Ho gjekk langs butikkane, stoppa opp og kikka lenge inn dørene og vindauga. Tydeleg at me har ei jente!
Ho fekk helsa på tante Marianne før me tok bussen heim for ein koseleg laurdagskveld.


Eit par bilete frå helga:







Ho er kosete og og ho diltar. Kjempesøt! :)
Eg legg ut meir seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar