søndag 12. september 2010

Amai

No har me hatt Amai i to veker. Det har vore to spanande, morsomme og koselege veker. Det har blitt ein ny kvardag no som me har ansvar for eit lite firbeint vesen. Det blir mange turar ut, eit par gledesdammar på golvet, mykje leik og morsomme episodar, litt biting og mykje kos. :)
Med mobilkamera får ein ikkje gode bilete, og når objektet er ein liten aktiv kvalp, blir det lett utydelege bilete. Sjølv om kvaliteten ikkje er fullgod, er det likevel kjekt å dokumentere kvardagen med Amai :)

Liten rev i byen

                                  

Trøtt klump


Ein varm hund på tur









Utsyn mot Melkeplassen 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar